Haugtussa_Haukland_03wp

Fri

Um Natti still ved Sengjekraa

Veslemøy ser eit Kvende staa

i lange, myrke Klæde.

Hjaa henne ser ho Syster si

fager og ljos og aalvorsblid

med Smil av heilag Glede.

Ho kved so lindt eit Kvæde;


“Statt upp, statt upp, du Syster kjær!

No er du løyst til betre Ferd.

Høyr Helgeklokka klingar!

Fraa alle Troll du laus deg vann.

Og i di Sorg deg sjølv du fann.

No upp mot høgre Ringar

din styrkte Hug seg tvingar.


Kom, fylg oss paa din nye Veg,

som upp or Myrkheim fører deg

til Ljos og klaare Dagar!

Den Stig er bratt, den Veg er lang.

Men ingin angrar denne Gang.

Um trøytt du stundom klagar,

til sist seg allting lagar.


Her ser du Visdoms Volve staa.

Ho vil deg gjeva djupt aa sjaa

og store Røynslur herde.

Ho ber deg gjenom Helheims Gov;

der skal du skimte Livsens Lov

og gjenom Rædsle lære

det Verk, som vert di Ære.”


Fra Haugtussa av Arne Garborg